YNSKJER DU Å VERA FRIVILLIG HJÅ OSS ?
Har du mogelegheit og ynskje om å gjera noko godt for andre, går du med ein idé til eit arrangement eller ynskjer du å utvida nettverket ditt så gje oss ein lyd. Som frivillig hjå Nabobeino yter du det du sjølv vil. Kan hende me spør om hjelp til nokon ein dag det ikkje passar og kan hende det passar. Uansett er det du sjølv som vel omfanget av hjelpen du yter, og du tek stilling frå gong til gong om du har høve til å bidra. Det er gratis å stå registrert som frivillig hjå oss, og det tek inga tid å vera registrert. Ta kontakt med oss for registrering!
KVA KAN DU BIDRA MED SOM FRIVILLIG ?
Eksempler på "ein-til-ein"-hjelp kan vere:
-
Besøksven
-
Telefonven
-
Arrangera ulike aktivitetar (karneval, grøtkafé, teiknekurs o.l.)
-
Vera med på "400meterkunst"
-
Følgjeven
-
Hjelpar til å iverksetje og vedlikehalde aktivitetar
-
Barnevakt (vil då få betaling)
-
Hundeluftar
... og eksempler på aktivitetar (både ein gongs og langvarige) kan vere :
-
Datlagingskurs for ungdommer på hybel
-
Karnevalarrangement
-
Teaterleik
-
Band- og musikklubb
-
Barnevaktkurs
-
Grøtkafé
-
Halloweenparty
-
Teikne- og malekurs
-
og så bortetter....
Der er mange som treng deg og dine idéar. Meld deg!
