NATTERAMN PÅ VOSS
Kvar vår og haust går vaksne vossingar Natteramn på Vangen. Kvar natteramn ein gong om hausten og ein gong om våren. Natteramnane går frå 22:30 til 03:30 på fredagar og laurdagar. Dei kan inn å varma seg å drikka kaffi/te på Nabobeino i løpet av ei vakt (på fredagane har dei tilgakng på varmestova på Park). Natteramnane går heim tidlegare om kvelden om det er tomt i gatene.
MELD DEG SOM NATTERAMN HER!
Veit du om ein stad kor det er fest eller ein stad kor de ynskjer at Natteramnane skal gå (i sentrum) så kan de ringa på telefon (kun når natteramnane er ute å går, etter kl 22:30): 97 04 72 99.
- Voss har om lag 45 natteramnar, men me treng mange fleir (målet er 70-80 stk).
- Kvar natteramn har vakt ein gong i halvåret og då går 2-4 personar saman.
- Natteramnane er ute fredag- og laurdagskveldar frå kl 22:30 til seinast kl 03:30.
- Ein treng ingen opplæring på førehand, ein går saman med erfarne natteramnar.
- Natteramnane er forsikra den kvelden dei er ute. (Kollektiv ulukke- og kriseforsikring for valdsofre).
- Natteramnane har gule jakker som tydleg identifisere kven dei er.
- Ramnane har høve til å drikka kaffi og varma seg hjå Nabobeino i løpet av ei vakt.
J Vera tilgjengelig
J Melde frå til politiet om alvorlege straffbare forhold
J Ha evne til å tenkje klart, når andre ikkje klarar det
J Visa respekt for alle typar menneske i gatebildet
J Varsam verbal konfliktmekling, men aldri fysisk inngrep
J Skilje klart mellom rolla til Natteramn og politi
Kva får du ATT for å gå Natteramn:
J Generell menneskekunnskap og om mogeleg eit meir positivt menneskesyn
J Oppdatering i og kunnskap om ungdomsmiljøet på Voss
J Kunnskap som er naudsynt for foreldre
J Utvida mogelegheit til å oppfatte faresignal hos eigne barn (før det er for seint)
J God sosial samvit
J Mosjon
Natteramnane på Voss går om våren frå påsketider til skuleslutt, og om hausten frå skulestart og fram til oktober/november. Eventuelt går også natteramnane rundt joletider. Om ein vert mange nok er det kun 2 kveldar i året ein går.
Les meir på www.natteravn.no
Ta kontakt med Aagot Rokne, dagleg leiar for Nabobeino, og meld deg som Natteramn. Skulle du få vakt ein kveld det ikkje høver så er det mogeleg å bytta kveld. Sjå listene over ledige vakter her!
NABOBEINO – frivilligsentralen på Voss
Kontor (10-14): 56 51 03 70
Mobil: 97 17 79 85
E-post: post@nabobeino.no
Heimeside: www.nabobeino.no

