OVERSYN OVER TILBOD FOR PENSJONISTAR
Me vil her forsøka å få eit oversyn over "tiltak særleg innretta mot pensjonistar, kven som gjer kva og når".
Om du veit om noko som fell inn under denne kategorien, og som ikkej står på denne sida, eller om noko som står her er feil, så ver gild å gje oss ein lyd.
| SENIORUNIVERSITETET |
|---|
|
Senioruniversitetet - ein møteplass for tanke og trivnad! Voss Senioruniversitet er ein ideell organisasjon basert på individuelt medlemskap av ikkje-yrkesaktive, som gjennom foredrag, kurs- og gruppeverksemd ynskjer setja seg inn i utvalde fag og emne - utan å ta sikte på å oppnå formell kompetanse. Medlemskap i Voss Senioruniversitet kostar kr 250,- per halvår. Møta er til vanleg i møtelokala til Indremisjonskaféen og dei byrjar kl 12:00. Møte for våren 2007 er onsdagar følgjande datoar: 31.01 - 28.02 - 28.03 - 26.04 - 30.05 For meir informasjon kontakt leiar Torstein Gunnarson på telefon: 91 17 15 90 eller per e-post: tors-gun@frisurf.no |
| MOBILKURS |
|---|
|
Mobilkurs for seniorar Kvar mandag mellom kl 11:00 og 12:00 tilbyr Nabobeino enkel opplæring i mobil. Me forsøkjer å kva gong ha tilgjengelege elevar som kan tilby ein-til-ein-hjelp, slik at det vert individuelt tilpassa (nokon kan mei, andre mindre...). Kursa er gratis! Me nyt kaffi og vafler (kr 20,-) etter kurset og sosialt sæmver står då i høgsetet. For meir informasjon kontakt dagleg leiar på Nabobeino på telefon: 97 17 79 85 eller per e-post: post@nabobeino.no |
| GÅ DEG GLAD! |
|---|
|
Gå deg glad! - ei turgruppe for glade pensjonistar Kvar onsdag kl 12:00 samlast ein gjeng glade pensjonistar å går tur ein times tid (i sentrumsområda). Oppmøte i gangen på Bjørgatud burettslag (like ved Nabobeino) kl 12:00 presis! Etter turen samlast heile gjengen i Nabobeino for vafler og kaffi-kos (kr 20,-). Atter ein gong står sosialt samvær i høgsetet! Deltaking i turgruppa er gratis! For meir informasjon kontakt dagleg leiar på Nabobeino på telefon: 97 17 79 85 eller per e-post: post@nabobeino.no |
| ELDRERÅDET |
|---|
|
Eldrerådet på Voss Eldrerådet sine møtet vert lyst ut i avisa "Hordaland" i forkant av møta. Sakslista er offentleg og er å finna på kommunetorget. Møta er åpe for alle. For meir informasjon kontakt Arne Nilsen på telefon: 56 51 21 19 og/eller på mobil: 90 19 17 52. |
| GLA'TRIM FOR OSS OVER 60 |
|---|
|
Trimgruppe "Gla'trim for oss over 60" Kvar torsdag er det tilbod om å delta på trimgruppe for seniorar. Trimgruppa held til i Idrettshallen og trimmar mellom kl 11:00 og 12:00. For å kunna delta lyt ein betale medlemskontingent i Voss Idrettslag, for tida kr 450,- i året. For meir informasjon kontakt leiaren for turngruppa Magnhild Tveito Holtedal på telefon: 56 51 37 72 |
| "FOTAFAR" |
|---|
|
"Fotafar" - turgruppe for pensjonistar Kvar 2. onsdag går pensjonistar tur frå kl 10:00 til 16:00. Oppmøte er kl 10:00 (presis!) utanfor Tinghuset og turen går ulike stader i nærleiken av Voss. Det vert lyst i avisa "Hordaland" i forkant av turen. For meir informasjon kontakt ... (kjem meir informasjon) |
| ELDREKAFÉ |
|---|
|
Kafé for seniorar Kvar tirsdag og torsdag er det eldrekafé i Velferdssentralen (3. etasje i Sosialbygget) mellom kl 09:00-14:00. For meir informasjon kontakt eldrekaféen på telefon: 56 51 28 10 |
| TRIM FOR ELDRE |
|---|
|
Trim for eldre kvar onsdag Kvar onsdag er det tilbod om trim for eldre i Velferdssentralen (3. etasje i Sosialbygget) mellom kl .. og ... Trimmen er åpen for alle og tilbodet er gratis. For meir informasjon Velferdssentralen på telefon: 56 51 38 40 |
| HØRSELSKONTROLL |
|---|
|
Hørselskontroll kvar onsdag Ein kan ta høyselskontoll på Voss. Ein må få henvisning frå legen sin. Ta Kontoret for høyselskontor kvar onsdag. For meir informasjon kontakt Annlaug Rekdal på onsdagar på telefon: 56 51 46 06 |
| MIDDAG |
|---|
|
Middagservering i Velferdssentralen Mandag, onsdag og fredag frå kl 11:30 til kl 14:00 kan du kjøpa middag i Velferdssentralen (3. etasje i Sosialbygget). Middagen kostar kr ... ,-. For meir informasjon kontakt Velferdssentralen på telefon: 56 51 28 10 eller på telefon: 56 51 38 40 |
| VOSS HELSESPORTLAG |
|---|
|
Voss Helsesportlag - for seniorar For ein årskontingent på kr 350,- kan seniorar delta på gymnastikk i idrettshallen kvar tysdag kl 19:00 - 20:00, og på bading i symjeehallen på ungdomsskulen kvar torsdag kl 19:30 - 21:30. For meir informasjon kontakt leiar i Voss Helsesportlag Nils Arne Rise på telefon: ... eller per e-post: ... |
| SENIORDANS |
|---|
|
Seniordans i Hallen kvar tirsdag Kvar tirsdag kl 11 (eller 12?) er det dans for seniorar i Ungdomshallen midt på Vangen. For meir informasjon kontakt Kirsten Eikefjord på telefon: ... eller per e-post: ... |
