TRENG DU BARNEVAKT ELLER YNSKJER DU Å PASSA BARN ?

Me formidlar barnevaktar. Det vil sei at du som treng barnevakt, anten du skal til legen eller på kino, skal kunne ringa hit til oss og så vil me kobla deg opp mot ein eller fleire barnevaktar. Me sjekker referansar og "intervjuar" barnevaktane, så det skal følast tryggare for deg som ynskjer å bruka barnevakt.

Det same gjeld for deg som ynskjer å sitja barnevakt. Du kan melda deg her hjå oss og så vil me kobla deg opp mot nokon som treng deg. Ta med namn og nummer til folk som du har vore barnevakt for tidlegara og stikk innom oss.

Send ein epost, stikk innom eller ring oss for å melde inn ditt behov.

Me har for tida 5 barnevaktar hjå oss som veldig gjerne ynskjer å passa ungar. Dei sit alltid to saman, dei er 13 år gamle og dei tek kr 30,- per time per unge. Sjå bileta av dei kjekke barnevaktane:

HenrietteGuroKristinKristine

 

 

(Ps. Barnevakten vil kunne ta betaling, men då vil ikkje Nabobeino føra opp barnepasstimane som frivillig arbeid hjå oss.)