GÅ DEG GLAD!
Ein glad gjeng pensjonistar treffes kvar veke og går ein tur som endar hjå Nabobeino kor kaffi og vafler vert å få kjøpt.
Turen varar på det meste 1 time, men kvar einkilde person går nett så langt ein vil sjølv. Etter turen samlast dei glade turgåarane på Nabobeino kor vaflar og kaffi vert servert (mot eit lite vederlag på kr 20,-, og då et ein så mykje vaflar ein vil). Det er sjølvsagt syltetøy og rømme til vaflane!

Kvar vår tek Gå deg Glad!-gjengen, saman med dagleg leiar av Nabobeino, ein tur til ein annan stad. I fjor (2006) dro dei til Osa i Ulvik, kor det vart sightseeing og servering.
Vårtur 2007 vert onsdag 27. juni. Avreise frå Nabobeino kl 09:30. Turen går til Eksingedalen Naturlosing. Det vert middag og guidetur, kaffi og dessert. Påmelding til Nabobeino innan 13. juni. Pris for turen kr 450,-.

