INFORMASJON TIL
NATTERAMNANE PÅ VOSS
Tid og stad: Natteramnane går frå kl. 22:30 til 03:30 kvar kveld og avsluttar tidlegare eller seinare etter behov. Natteramnane møter opp kl 22:30 i Nabobeino i Haugatun, Aad Gjellesgate 6.
Nøkkel: Førstemann på vaktlista hentar nøkkel på HMV bensinstasjon kl. 22:30 og leverer nøkkel attende dagen etter innan kl. 14:00. Viktig å levere nøkkelen attende då andre kan ha behov for nøkkelen.
Bytte av vakt: Om du ikkje kan gå den vakta du er set opp på, kan du byte med nokon annan. Det er svært sårbart om nokon ikkje møter, sørg derfor for at du sjølv eller den du byter med møter. Hugs å gje beskjed til Nabobeino (helst via e-post natteramn@nabobeino.no) om og kven du byter vakt med. Nabobeino kan bistå med hjelp til byte av vakt ved særskilt behov.
Utstyr: I natteramnskapet heng det jakker og vestar som skal brukast av vaktlaget. Her finn de også mobiltelefon samt førstehjelpsutstyr og lommelykt. Nabobeino syt for at utstyret er opplada og klart til bruk.
Kvar går vi: Er det tilstelling i Fraktgodsen går ein innom der, gjerne fleire gongar pr. kveld. Utanfor Kjappen, langs Vangsgata og Uttrågata er sentrale plassar å gå. Gå gjerne eit tur i smuget mellom Kjappen og Ungdomshallen, og smuget bak Handleslaget, NB gamle bussgarasjen (skatebane) og Shell-stasjonen. Fredagskveld er det og Vangsgryto (ta dykk gjerne ei tur innom). Gå også ein tur gjennom Prestagardsmoen (haust og vår).
Politi: Natteramnar er ikkje, og skal ikkje vera reservepoliti på Voss. Treng de kontakt med politiet ring telefon: 02800 eller 112. Husk at kommunen er stor og at dei ikkje alltid kan kome når de vil.
Førstehjelp: Ved skade på personar: utøv førstehjelp. Mange ganger kan det vera nok å sitje å prate med vedkommande. Ta kontakt med legevakta på telefon 56 51 30 00 eller medisinsk nødnummer (113) om naudsynt.
Tryggleik: Bruk ikkje lommelykter i Prestegardsmoen eller til å lyse på folk. Lensmannen åtvarar mot dette då ein med lys vert gode blinkar for flaskekasting. Det kan også skapa stor irritasjon hos enkelte dersom dei vert lyst på. Bruk berre lommelykta til eige nytte (til dømes ved bruk av førstehjelpsutstyr og mobiltelefon). Ved skade på natteramn: meld frå snarast då natteramnane er forsikra gjennom Vesta Forsikring.
Rapport: Etter vaktene skal det skrivast inn i rapportboka kven som gjekk, korleis kvelden gjekk og evt. beskjedar til Nabobeino. Denne rapportboka har politiet høve til å sjå i ved behov.
Forpleining: Det er høve til å koka seg kaffi / te og finna seg kjeks merkt natteramn i lokala til Nabobeino. På fredagane har ein tilgang på varmestova på Park.
Informasjon: For meir informasjon om Natteramnane kontakt Nabobeino på telefon 56 51 03 70, mobil 97 17 79 85 eller e-post natteramn@nabobeino.no, og eller sjå vår heimeside www.nabobeino.noeller natteramnane si hovedside www.natteravn.no/voss
