REFERAT FRÅ ÅRSMØTET
19.03.07
Frammøtte:
Forfall: Norges Diabetesforbund Voss og Omland, Voss og Omland Psoriasislag, Voss Røde Kors Besøkstjeneste, Voss Røde Kors Hjelpekorps, Voss KFUK / KFUM, Voss Kommune, Bolstadøyri Kvinne og Familielag, Bulken Bondekvinnelag, Evanger Kvinne og Familielag og FFO.
Saksliste:
1) Val av møteleiar, referent, teljekorps og 2 stk protokollunderskrivarar
2) Godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2006
Årsmeldinga for 2006 vart godkjend (Vedlegg 1). Rekneskapen for 2006 vart delvis lagt fram (balansen mangla). Revisorrapport vart lagt fram (Vedlegg 2). Då rekneskapsførar for Nabobeino måtte gå over rekneskapen etter at revisorrapporten var komen (for å retta opp i evt. Justeringar ihht revisor) låg ikkje denne klar til årsmøtet. Fullstendig rekneskap med balanse er å sjå hjå Nabobeino for dei som ynskjer det. Framlagd rekneskap vart godkjend.
3) Godkjenning av budsjett og aktivitetsplan for 2007
Budsjett for 2007 vart gjennomgått og godkjend (Vedlegg 3). Aktivitetsplan for 2007 vart godkjend (Vedlegg 4).
4) Nedlegging av Nabobeino – senter for frivillig arbeid
Nabobeino – senter for frivillig arbeid vart nedlagd, under føresetnad at Nabobeino – frivilligsentralen på Voss vart oppretta omgåande (Vedlegg 5). (Årsaka til nedlegginga er at Nabobeino ynskjer å skifte organisasjonsform frå foreining til stifting med avgrensa ansvar (BA).)
5) Oppretting av Nabobeino – frivilligsentralen på Voss
Nabobeino – frivilligsentralen på Voss vart oppretta, og stiftingsdokument vart sendt rundt for signering (Vedlegg 6).
6) Oppretting av vedtekter
Vedtektene vart gjennomgått og godkjend (Vedlegg 7).
7) Val av styre
Valkomitéen la fram innstillinga si og følgjande vart vald inn i styre:
Oddvar Lillevik – styreleiar. Vart vald for 1 år; 2007-2008. Fagforbundets Pensjonistlag.
Erling Dregelid – styremedlem. Vart vald for x år: 2007-200x. Jernbanepensjonistlaget.
Ann-Lis Soltveit – styremedlem. Vart vald for x år: 2007-200x. Noregs Handikapforbund, Voss.
Karl Time – styremedlem. Vart vald for x år: 2007-200x. Frivillig.
Tone Selsvold – styremedlem. Vart vald for x år: 2007-200x. Frivillig.
Kjell Ove Baartvedt – styremedlem. Vart vald for x år: 2007-200x. Voss Revmatikarlag.
Ivar Lunde – styremedlem. Vart vald for x år: 2007-200x. Voss Kommune.
Kikken Glimme – varastyremedlem. Vart vald for 1 år; 2007-2008. Voss Sanitetslag.
Kirsten Røthe – varastyremedlem. Vart vald for 1 år; 2007-2008. Voss Handel og Kontor Pensjonistlag.
Gunvor Lindland - varastyremedlem. Vart vald for 1 år; 2007-2008. Voss Kommune.
8) Val av valkomité
Valkomitéen la fram innstillinga si og følgjande vart vald inn i valkomitéen:
Marie Risa Kvåle som leiar. Vart vald for 1 år; 2007-2008.
Marta Kjelsvik som valkomitémedlem. Vart vald for 2 år; 2007-2009.
Magnhild Øvsthus som valkomitémedlem. Vart vald for 3 år; 2007-2010.
9) Innkomne saker
Det var ingen innkomne saker.
Frivilligpris 2007
Arne Johan Dregelid vann Frivilligprisen for 2007. Arne Johan vann kr 5.000,-, ei innramma kunstplakat og ein blomsterbukett. Det kom inn forslag til 6 kandidatar til Frivilligprisen 2007. Arne Johan underholdt Årsmøtet etter møtet, til stor glede for alle frammøtte.
Referent
09.04.2007
