VEDTEKTER FOR NABOBEINO - FRIVILLIGSENTRALEN PÅ VOSS

 

vedtatt 19.03.2007

 

§ 1 Namn og tilhaldsstad

Stiftingas namn er Nabobeino – frivilligsentralen på Voss og Nabobeino er ei stifting med avgrensa ansvar (BA). Nabobeino har kontorkommune på Voss. Nabobeino vart fyrst oppretta 1. juni 1999 av 25 frivillige organisasjonar, og vart reorganisert 19. mars 2007.

 

§ 2 Formål

Formålet til Nabobeino er å vere eit kontaktpunkt og bindeledd mellom dei som ynskjer å yte ein ubetalt innsats i Vossabygda og dei som ynskjer å ta imot ein slik innsats. Nabobeino fungerer som ein møteplass og brubyggjar mellom menneske, frivillige organisasjonar og samanslutningar og det offentlege. Nabobeino har følgjande hovudmålsetjingar:

  • Å fungera som eit administrativt samarbeidsorgan for hjelparar og brukarar av frivillige tenester.
  • Å utfylle det offentlege og private tenestetilbod, og i den samanheng syta for at ein ikkje erstattar eller konkurrerer med allereie eksisterande tilbod.
  • Å vera eit organ som samarbeidar med og samordnar aktivitetar i frivillige lag og organisasjonar, enkeltpersonar og i høve til Voss Kommune.

 

§ 3 Eigarar

 

§ 3.1 Eigarar, ansvar og kontingent

  • Alle lag og organisasjonar i Voss kan verte medeigar, med unntak av rasistiske og valdelege organisasjonar. Nye lag og organisasjonar kan til einkvar tid kjøpe seg inn som eigar av Nabobeino.
  • Kjøp av eigarskap i Nabobeino kostar kr 300,-, som vert betalt inn til ein sperra konto i Nabobeino sitt namn.
  • Eigarane har møte-, tale-, forslag- og har stemmerett i årsmøtet.
  • Eigarlaga betalar årleg kontingent og kontingenten vert fastsett av årsmøtet. Årskontingenten skal betalast inn innan årsmøtet. Eigarar som har særs dårleg økonomi kan søkje styret om å få redusert eller fritak frå årskontingenten. Søknad med rekneskap må være Nabobeino i hende innan utgangen av januar. Eventuell klage vert handsama av styret og vedtaket kan ikkje påklagast.
  • Eigarlaga heftar ikkje for Nabobeino si gjeld eller liknande.
  • Eigarane får leiga lokale hjå Nabobeino til redusert pris.
  • Eigarane får tilgang til kopi-, faks- og datamaskin til kostpris i Nabobeino sine lokale.
  • Nabobeino kan avlaste eigarane ved å ta på seg enkelte sekretæroppdrag etter avtale med dagleg leiar.
  • Eigarane får tilgang til Nabobeino sine heimesider og dagleg leiar kan leggja ut ynskt informasjon på desse sidene etter avtale med eigarane.
  • Eigarane bør bruka dei nettverk dei har for å hjelpe til med å rekruttere frivillige.
  • Voss Kommune er ein av eigarane av Nabobeino.

 

§ 3.2 Støttemedlem

  • Einskildspersonar kan teikne støttemedlemskap i Nabobeino. Pris vert avgjort av styret.
  • Støttemedlem har møte- og talerett under årsmøtet.

 

§ 4 Myndigheit, Årsmøte, styre og dagleg drift

 

§ 4.1 Årsmøte

Årsmøtet er Nabobeino sitt øverste organ. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Det skal sendast skriftleg innkalling med saksliste og sakspapir til årsmøtet 4 veker i forkant av årsmøtet til alle eigarlaga, samt at innkallinga, dato og tidspunkt skal leggjast ut på heimesidene til Nabobeino. Årsmøtet er ope for alle og det skal lysast ut i lokalavisa 1 veke i forkant av møtet. Innkomne saker må vera styret i hende innan 2 veker før Årsmøtet. Årsmøtet er vedtaksført om minst halvparten av eigarlaga er representert, og vedtak treffast med 2/3-dels fleirtal av dei frammøtte. Årsmøte vel styret og valkomité for Nabobeino. På Årsmøtet vert det vald møteleiar, referent, teljekorps og 2 representantar til å underteikne protokollen. Det er 1 stemmerett per eigarlag. Om minst 1/5-del av eigarane, eller 1 styremedlem krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært Årsmøte.

 

Følgjande saker skal opp på Årsmøtet:

  • Godkjenning av årsmelding og rekneskap for førre år
  • Godkjenning av budsjett og aktivitetsplan for kommande år
  • Vedtektsendringar (ved behov)
  • Val av styre
  • Val av valkomité
  • Innkomne saker

 

§ 4.2 Styre og styremøte

Styret for Nabobeino består av 7 medlemmer. 1 av styremedlemmene skal vera ein representant frå Voss Kommune og 1 av styremedlemmene skal vera ein representant frå dei frivillige. Dei 5 siste skal representera dei resterande eigarane. Kvart medlem fungerer i periodar inntil 2 år av gongen, med unntak av varamedlem som fungerar for 1 år om gongen. For å sikre overlappande funksjonstid, skal det for ein del av styremedlemmene bestemmes at dei går av på like årstal, og for den andre delen at dei går av på ulike årstal. Styret vert vald på årsmøtet i samråd med valkomitéen. Styrets leiar vert vald av årsmøtet for 1 år av gangen. Nestleiar vert vald av styret for 1 år av gangen på første styremøte etter årsmøtet. Styremedlemmene og styreleiar kan attvelgast.

 

Styret skal ha 3 varamedlem, og 1 av desse skal vera personleg vara for Voss Kommune sin representant. Dei 2 andre skal velgast som 1. og 2. vara.

 

Dagleg leiar innkallar til styremøte etter behov, i samråd med styreleiar, men det skal haldast minimum 5 styremøte per år. Dagleg leiar skal førebu saker som krev vedtak frå styret, og styret treffer sine vedtak ved simpelt fleirtal. Ved stemmelikskap har styrets leiar dobbeltstemme. Styret er vedtaksført når mist halvparten av styremedlemmene er tilstades. Styreleiar har signaturrett aleine. Styret skal føra referat med vedtak og møtebok. Referata vert signert og godkjent under påfølgjande styremøte.

 

§ 4.3 Valkomité

Det skal velgast 3 medlemmer til valkomite. Desse vert vald for 3 år av gangen. Ved fyste gongs val vert valkomitérepresentantane vald for 1, 2 og 3 år. Tredje året sit ein som leiar av valkomiéen.

 

§ 4.4 Styret sine oppgåver

Styret er ansvarleg for drifta av Nabobeino. Styret har teieplikt etter § 13 i Forvaltningslova.

 

Styret skal:

§       sørgje for tilfredsstillande gjennomføring av etablering og drift av sentralen i samsvar med retningslinjer gitt av Kirke- og Kulturdepartementet, eller det statlige organ som til einkvar tid gir retningslinjer for drift av frivilligheitssentralar.

§       ovanfor Årsmøtet stå ansvarleg for Nabobeino sin økonomi.

§       sikre Nabobeino si framdrift og utvikling.

§       tilsetja dagleg leiar som skal stå for dagleg drift av Nabobeino.

§       godkjenne handlingsplanar og framdrift.

§       gje dagleg leiar nødvendig fullmakter innan ramma av handlingsplan og budsjett.

§       utarbeide rutinar for samarbeid med frivillige organisasjonar, kommunar og andre instansar.

§       sørgje for at det vert gjennomført evaluering og rapportering til sentrale myndigheiter

§       sikre trygg rekneskapsførsel og revisjon, og med dette velje revisor.

 

Dette innebere at styremedlemmane må vera aktive på styremøte, halda seg orientert om dagleg drift av Nabobeino (kva for aktivitetar og ståa kva gjeld frivillige og brukarar). Styremedlemmar bør bruka dei nettverk dei har for å hjelpe til med å rekruttere frivillige.

 

§ 4.5 Dagleg leiar sine oppgåver

Dagleg leiar har teieplikt etter § 13 i Forvaltningslova. Dagleg leiar har signaturrett aleine. I styret og under Årsmøtet har dagleg leiar   møte-, tale- og forslagsrett.

 

Dagleg leiar skal:

  • sikre ei forsvarleg forvaltning og disponering av forvaltningskapitalen.
  • i samråd med styret sørgje for utarbeiding av årsoppgjer og årsmelding for Nabobeino.
  • fungera som styret sin sekretær, og med dette innkalla til styremøte og føra protokoll for styremøta.
  • førebu styresaker og setja i verk styret sine vedtak
  • stå ansvarleg for Nabobeino si daglege drift i samråd med styret. Dette medføret at dagleg leiar er ansvarleg for at drifta er i samsvar med lovar og forskrifter.
  • halda styret underretta om alle viktige tilhøve.
  • i samråd med styret sjå til at nødvendig rapportering til kommunen, andre offentlege instansar og frivillige organisasjonar vert gjort.
  • i samråd med styret sørgje for kontinuerleg evaluering av sentralen si drift med utgangspunkt i målsetjingar og handlingsplan.
  • sørgje for at frivillige organisasjonar og uorganiserte frivillige får den informasjon/opplæring som er nødvendig for aktiv deltaking i løysing av dei ulike arbeidsoppgåvene
  • sørgje for å skapa eit miljø for dei uorganiserte frivillige hjelparane
  • utvikle og fremje samarbeid med dei frivillige organisasjonane i kommunen
  • samordne tilbodet av frivillige tenester, og med dette sørgje for at desse tenestene vert tilgjengeleg også i dei deler av kommunen som ikkje har tilfredsstillande dekning
  • sørgje for å delta på kurs, konferansar og møte som kan ha verknad for prosjektet si framdrift og resultat.
  • årleg utarbeida ei oversyn over kven som står som eigarar av Nabobeino, og denne skal distribuerast til samtlege eigarar på årsmøtet.

 § 5 Nabobeino sine midlar

Nabobeino er sjølveigande og økonomiske midlar som laget rår over skal nyttast i samsvar med laget sitt føremål. Det skal ikkje betalast ut midlar frå Nabobeino direkte til eigarane. Utover dette kan dagleg leiar i samråd med styret ta avgjersler vedrørande disponering. Grunnlaget for drift av Nabobeino er at årleg statsstøtte vert løyvd.

 

§ 6 Revisjon og rekneskap

Nabobeino skal ha registrert eller statsautorisert revisor som vert vald av styret. Rekneskapen skal fylgja kalenderåret og vera avslutta og revidert seinast 15. februar.

 

§ 7 Vedtektsendringar

Desse vedtektene kan berre endrast på årsmøtet for Nabobeino. Under ingen høve kan Nabobeino sitt formål endrast. Vedtektsendringar må ha 2/3 fleirtal i Årsmøtet.

 

§ 8 Omdanning/oppløysning

Omdanning, oppløysing, samanslåing og deling kan søkjast etter vedtak i styre og med 3/4 fleirtal i Årsmøtet. Ved oppløysing av Nabobeino vert pengane som vart kjøpt eigarskap for attendebetalt til eigarlaga. Ved oppløysing skal midlar nyttast i tråd med formål og målsetjingar, eventuelt liknande formål i Voss Kommune.

 

Stad og dato

 Voss, Nabobeino, 19/3-07